Ina Svenningdal om Frost, Skam og livet i Svingen

Skodespelar Ina Svenningdal meiner sjølv ho slurvar fælt når ho skriv og snakkar. Men når ho skal lære replikkar, har ho stålkontroll. Kanskje ikkje så rart, for 27 år gamle Ina har jobba som skodespelar nesten heile livet. No speler ho Disney-prinsessa Anna i Frost sju gonger i veka, ei rolle Ina 5 år ville fryda seg over, og ei rolle Ina (27) har gjort til si eiga med kjensler, varme og humor.I denne episoden av Språkoppdraget fortel Ina om livet som barneskodespelar i Linus i Svingen, om korleis det var å vakne morgonen etter at SKAM hadde blitt stort i Japan, og korleis det er å toppe spotifylistene kvar førjulstid. Vi snakkar også om kvifor groruddølen Ina er «ekspert» på Haugesund-dialekt, har ein Nordlandsbunad i skapet og kva for monolog frå tida på Det Norske Teatret ho aldri kjem til å gløyme. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.