Ingrid Bjørnov om språk, musikk og mikken til pauken

Som barn av to lærarar er Ingrid Bjørnov oppteken av språk og rettskriving. Men akkurat teiknsettinga er ho berre oppteken av på vekedagar. Ho har vore kjendis sidan ho var tenåring, vore popstjerne med filler i håret, innført stilleståande skigåing som dansetrinn i Grand Prix og blitt bannlyst i Nederland for vanæring av Mozart. No er ho aktuell med ein heilt ny musikal om Ivar Aasen, i tospann med Are Kalvø.I denne episoden av Språkoppdraget får du høyre om prosessen med å lage musikal. Kva er ein god prolog? Kan ein bossanova kan vere uironisk? Og kvifor er det viktig at symbalen ikkje gir gjenhøyr i mikken til pauken? Vi måler stemninga berre nokre dagar før urpremieren på Spynorsk. The Musical.Du får også vite kvifor Ingrid Bjørnov helst ser sportssendingar utan lyd, korleis det var å møte ABBA-politiet, og om det eigentleg er mogleg å ete ei pølse med lompe på tvers, samtidig som ein blir intervjua på TV.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.