Linda Eide om dikt, dialekt og ufrivillige emojiar

Linda Eide har fått norske familiar til å samle seg rundt fjernsynsapparatet på laurdagskvelden, nett som i gamle dagar, med det underhaldande og nyfikne programmet Eides språksjov. Når ho endeleg er gjest hos oss i Språkoppdraget, prøver vi å dykke djupare ned i språket til Linda Eide sjølv.Vi snakkar med Linda Eide om kor viktig dialekten er for identiteten hennar, og spør kven ho ville vore om ho var frå Moss og ikkje frå Voss. Vi snakkar om kvifor ho ikkje er så opptatt av skrivefeil, men misliker at folk gjer språket meir komplisert enn dei treng, om kva det var som skjedde i Oslo som fekk den 19 år gamle nynorskbrukaren Linda Eide til å skjøne at ho har eit sterkt engasjement for skriftspråket sitt, og om kvifor ho måtte bli vaksen før ho begynte å skrive utropsteikn.Om du er usikker på om nynorsk er fint i dikt, kjem du ikkje lenger til å vere i tvil etter å ha høyrt denne episoden av Språkoppdraget. Du får nemleg eit eksklusivt utdrag av eit av dei mange dikta den unge Linda Eide skreiv og framførte på ulike tilstellingar på Voss i gamle dagar. Vi lover ny kveik til alle språkinteresserte etter denne episoden av Språkoppdraget. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.